Hopp til hovedinnhold
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster

Samfunnsoppdraget

Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Vi skal bidra til den demokratiske kontrollen med at statens ressursar blir forvalta forsvarleg og effektivt og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader.

Visjon og strategi

Visjonen vår er

«Revisjon til nytte for morgendagens samfunn»

Kva me undersøkjer

Som innbyggjar har du krav på å få vita om avgjerdene dei folkevalde tek, blir følgde opp. Dette er problemstillingar me undersøkjer:

  • Er statlege rekneskapar korrekte?
  • Blir det Stortinget har bestemt gjennomført på ein effektiv måte?
  • Korleis blir pengane Stortinget har løyvd brukt?
  • Jobbar statsforvaltninga i tråd med lover og reglar?

Vi undersøker:

Me leverer undersøkingane våre som revisjonsrapportar til Stortinget. Rapportane er offentleg tilgjengelege.

Sjå revisjonsrapportane våre.

Rapportane blir behandla av kontroll- og konstitusjonskomiteen og brukt i Stortingets utøving av sin kontrollfunksjon. Stortinget er den kontrollerande styresmakta i Noreg, men har overlate delar av kontrollverksemda til eksterne kontrollorgan, som er ekspertar på fagfelta sine.

Nedfelt i Grunnlova 

Riksrevisjonen har ei konstitusjonell rolle. Det betyr at samfunnsoppdraget vårt er grunnlovfesta. I § 75 k i Grunnlova står det at:

«Det tilkommer Stortinget [...] å utnevne fem revisorer som årlig skal gjennomse statens regnskaper og bekjentgjøre ekstrakter av dem ved trykken; regnskapene skal tilstilles disse revisorer innen seks måneder etter utgangen av det år som Stortingets bevilgninger er gitt for; samt å treffe bestemmelser angående ordningen av desisjonsmyndigheten overfor statens regnskapsbetjenter.»

Denne føresegna har vore i Grunnlova sidan ho vart skriven i 1814. To år seinare, i 1816, vart Riksrevisjonen etablert.

Les meir om Riksrevisjonens historie.

Sikrar openheit

Arbeidet vårt sikrar openheit om pengebruken til staten og bidreg til at statlege verksemder følgjer lover, forskrifter og retningslinjer. Openheit er viktig for å byggja tillit mellom deg som innbyggjar og offentlege styresmakter, ein tillit som er avgjerande for at demokratiet skal fungera.

Lov om Riksrevisjonen

Eit eige regelverk definerer dei overordna rammene for arbeidet vårt, som Riksrevisjonens formål, oppgåver og rapporteringslinja til Stortinget.

Regelverket me jobbar etter er Lov om Riksrevisjonen.

Uavhengig og sjølvstendig

I § 1-3 i lov om Riksrevisjonen står det:

«Riksrevisjonen skal utføre sine oppgaver uavhengig og selvstendig, og bestemmer selv hvordan arbeidet skal innrettes og organiseres. Stortinget kan i særlige tilfeller pålegge Riksrevisjonen å sette i gang bestemte revisjoner. Stortinget kan ikke instruere om hvordan, eller etter hvilke kriterier, revisjonen skal utføres. Forvaltningen kan ikke utøve myndighet overfor Riksrevisjonen som kan påvirke den uavhengige og objektive utøvelsen av Riksrevisjonens revisjon.»

Innanfor dei overordna rammene jobbar me uavhengig av både Stortinget og statsforvaltninga. Undersøkingane våre skal vera objektive og gi Stortinget eit fagleg grunnlag for å utøva kontrollfunksjonen sin overfor regjeringa.

Les meir om korleis me gjennomfører undersøkingane våre.

Kontroll av Riksrevisjonen

Eit kontrollorgan skal òg kontrollerast. Derfor blir me kvart år revidert av ein ekstern revisor oppnemnt av Stortinget. Revisjonane finn du i årsrapportane våre.