Dokument 3:5 (2012–2013) / Offentliggjort Undersøking av bompengeforvaltninga
I 2011 betalte trafikantane 6,6 mrd. kroner i bompengar, mens det i 2002 blei betalt inn 3,2 mrd. kroner. Bompengeselskapa hadde 818 mill. kroner i driftskostnader, noko som utgjer 12,5 prosent av bompengeinntektene. Det er eit mål at bompengeinnkrevjinga skal skje med lågast mogleg kostnad.
Hovudfunn
- Automatiseringa av bompengeinnkrevjinga har i stor grad medverka til at ein har nådd målet om minst mogleg ulempe for trafikantane.
- Målet om at bompengeinnkrevjinga skal skje med lågast mogleg kostnader, er ikkje realisert.
- Det er eit potensial for å auke bompengeinntektene i eksisterande bompengeanlegg, utan å auke prisane.
- Svakheiter ved Samferdselsdepartementet si styring og oppfølging på området.
- Svakheiter ved Statens vegvesen si oppfølging av bompengeselskapa.
- Store forskjellar i låne- og innskotsvilkåra for selskapa.
- Det er vesentlege manglar knytt til konkurranseutsetjinga ved selskapa sine innkjøp av driftsoperatør.
Stortinget har ferdigbehandla saken
Les meir på stortinget.noSpørsmål?
