Dokument 3:13 (2022–2023) / Offentliggjort Norsk bistand til Syria-krisa 2016–2021
Utanriksdepartementet gjer ikkje nok systematiske vurderingar av resultat av bistanden til Syria-krisa. Det er viktig at departementet veit kva resultat ein oppnår med midlane. Då kan bistandsmidlane brukast mest mogleg effektivt.
-
(PDF, 3,57 MB)
Les hele undersøkelsen
Kort bakgrunn
- Noreg forplikta seg til å gje 10 milliardar kroner til Syria og nabolanda i perioden frå 2016 til 2019. Ein stor del av dette har vore humanitære midlar.
- I perioden 2016–2021 gjekk i underkant av 12 prosent av all norsk bistand til humanitær hjelp.
- Det overordna målet med den norske humanitære innsatsen er å bidra til at menneske i naud får nødvendig vern og hjelp i tråd med det humanitære imperativet om å redde liv og dei humanitære prinsippa humanitet, nøytralitet, upartisk framferd og sjølvstende.
Overordna vurdering: Ikkje tilfredsstillande
-
Ikkje tilfredsstillande
-
Kritikkverdig
-
Sterkt kritikkverdig
Det er ikkje tilfredsstillande at
- Utanriksdepartementet ikkje har sikra seg god nok dokumentasjon av resultata frå alle tilskotsmottakarane, og heller ikkje har gjort systematiske vurderingar av resultata for bistandsprosjekta
- dokumentasjonen og arkiveringa til Utanriksdepartementet er mangelfull og lite oversiktleg
Konklusjonar
Dei vurderingane Utanriksdepartementet gjer av resultat og risiko i prosjekta er mangelfulle
- Departementet gjer sjeldan systematiske vurderingar av resultata av bistanden til Syria-krisa, noko som kan føre til mindre effektiv bruk av bistanden.
- Det er i liten grad dokumentert korleis departementet vurderer risiko i prosjekta.
- Få tilsette til arbeidet med humanitær bistand har konsekvensar for oppfølginga av bistanden til Syria-krisa.
Bistanden til nabolanda Jordan og Libanon har i liten grad vore langsiktig innretta og dei oppnådde resultata er ikkje godt nok dokumenterte
- Den svake vektlegginga av stabiliseringsstøtte til nabolanda før 2020 samsvarar ikkje godt med ambisjonen om å oppnå ein betre samanheng mellom humanitær og langsiktig bistand.
- For perioden 2016–2021 er det gjeve mest humanitær bistand til Jordan og Libanon
- Stabiliseringsstøtta til begge land har auka mykje etter 2020.
- Også andre forhold indikerer at norsk bistand til Jordan og Libanon har vore lite langsiktig: Berre 3 av 19 prosjekt har aktivitetar som gjennomgåande handlar om å møte langsiktige behov.
- Utanriksepartementet kunne i større grad ha involvert Norad, som har den faglege kompetansen på langsiktig utviklingsbistand, i arbeidet med heilskapleg innsats i Jordan og Libanon.
- Resultatinformasjonen er ikkje tilstrekkeleg til at prosjekta kan følgjast opp på ein god måte.
- Barn er prioritert, men på grunn av mangelfulle data, er det ikkje mogleg å vite om andre særleg sårbare grupper er nådde.
Norsk bistand til Jordan og Libanon 2016–2021, etter bistandstype
Kjelde: Bistandsresultater.no
Det er for lite sporbarheit i forvaltninga av bistanden til Syria-krisa
- Dokumentasjonen og arkiveringa til Utanriksdepartementet av relevant informasjon om tilskotsforvaltninga knytt til Syria-krisa er mangelfull og lite oversiktleg.
- Rapportane er lagra på nettsidene til tilskotsmottakaren, det er ikkje tilstrekkeleg sporbart.
- Konsekvensane av mangelfull sporbarheit blir særleg tydeleg i oppfølginga av tilskot til multilaterale organisasjonar.
Utanriksdepartementet har jobba aktivt for å sikre etterlevinga av dei humanitære prinsippa i Syria, men kommunikasjonen om utfordringar og dilemma har vore for lite tydeleg
- Departementet har utarbeidd ei rettleiing for humanitære prinsipp, men ho er i liten grad brukt i oppfølginga av enkeltprosjekt.
- Dei har ikkje etablert tydelege rammer for korleis dei skal følgje opp humanitære prinsipp i multilaterale organisasjonar.
- Dei kunne ha vore tydelegare i kommunikasjonen til Stortinget om utfordringar med å følgje dei humanitære prinsippa i praksis.
Fleksibilitet og auka bruk av fleirårige avtalar hos Utanriksdepartementet legg til rette for meir effektiv bistand
- Departementet har gjeve tilskotsmottakarane fleksibilitet til å gjere endringar i aktivitetane undervegs i avtaleperioden.
- Tilskotsmottakarane set pris på at Noreg er ein fleksibel og føreseieleg gjevar.
- Ei viktig endring departementet har gjort, er å innføre strategiske partnarskap med eit avgrensa tal norske sivilsamfunnsorganisasjonar.
Tilrådingar
Vi tilrår at Utanriksdepartementet
- sikrar at resultat for store bistandsprogram og -prosjekt på landnivå blir vurderte og dokumenterte i tråd med eigne retningslinjer
- sikrar at oppfølginga av den multilaterale bistanden på landnivå gjev tilstrekkeleg kunnskap om kva som blir oppnådd
- gjer saksbehandlinga meir sporbar, særleg for den multilaterale bistanden, slik at alle sentrale dokument som er knytte til ein avtale eller eit tilskot, lett kan finnast att
- dokumenterer vurderingar av utfordringar med dei humanitære prinsippa i større humanitære prosjekt og landprogram
- held fram med å følgje opp ambisjonen om eit betre samspel mellom humanitær og langsiktig bistand i Jordan og Libanon
Riksrevisjonen har over tid peika på svakheiter ved resultatinformasjonen Utanriksdepartementet har og korleis dei følgjer opp resultata av bistanden. Vi vil derfor understreke at det er behov for vesentlege forbetringar i resultatoppfølginga departementet gjer.
Til behandling i Stortinget
Følg behandlinga vidare på stortinget.noSpørsmål?

